MILJØPARTIET DEI GRØNE STRYN

KOMMUNEVAL 2015

Målet for MDG er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal vere underordna sunne økologiske prinsipp og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt.
Livskraftige lokalsamfunn, i hovudsak basert på lokale ressursar, er ein føresetnad for å nå målet.

MDG STRYN PRIORITERER 2015 – 2019

  • Sunn folkehelse i gode levekår
  • Verdsetjing av natur og kultur
  • Tenleg samferdsel og infrastruktur
  • Verdiskaping med økologisk berekraft
  • Kilmakvalitet med rein energi

Prioriteringar i valperioden 2015 – 2019

Valprogrammet til MDG legg vekt på miljøvenleg utvikling av viktige arbeidsområde i Stryn sin kommuneplan.

SUNN FOLKEHELSE I GODE LEVEKÅR

God helsekunnskap med konkret handlingsplan for folkehelsearbeid.
Fysisk aktivitet og sunn ernæring som førebyggande arbeid.

Aktiv læring og leik i barnehagen som grunnlag for sunn oppvekst.
Skule med praksisretta opplæring i miljøbevisst læringsmiljø.

Kompetent helse- og sosialomsorg med aktivitet og sunn kost.
Grøn terapi som reduserer medikamentbruk og aukar livskvalitet.

VERDSETJING AV NATUR OG KULTUR

Økologisk berekraftig forvalting av kulturlandskapet.
Redusere gjengroing og ivareta kulturhistoriske verdiar i landskapet.

Styrke biologisk mangfald ved å redusere unødvendige inngrep.
Ivareta biomangfaldet som avgjerande livsgrunnlag.

Jordvern baserast på styrka kunnskap om landbruket sitt potensial.
Nedbygging av dyrka jord skal reduserast til eit minimum.

SAMFERDSEL OG INFRASTRUKTUR

Miljøvennleg utvikling av Stryn som trafikalt knutepunkt.

Kai- og terminalanlegg for sjøtransport med ny og rein skipsteknologi.

Miljøforsvarlege innspel til nasjonal og regional transportplan.

Ny teknologi som erstattar fossilt brensel i samferdsle.

Kvalitetssikring av vassforsyning, avløpsordning og avfallshandtering.

Stryn sentrum som meir miljøvennleg lokalmiljø, handelsstad og profilert reisemål.

VERDISKAPING MED ØKOLOGISK BALANSE

Økologisk næringsstrategi basert på erfaring og potensial.
Kompetent nyskaping for omstilling til grøn næringsprofil.
Gründerstimulering for variert næringsliv med styrka økologikunnskap.

Godt nytta naturressursar i ekstensivt landbruk.
Gjenreise verdien av kulturlandskapet frå fjord til fjell.
Kunnskapsbasert produktutvikling av lokale naturressursar.

Styrka tilrettelegging for lokalt opplevings- og aktivitetsreiseliv.
Lokale kultur- og naturkvalitetar med helse- og miljøprofil.
Aktivitet for Stryn som attraktivt reisemål heile året.

KLIMAKVALITET MED REIN ENERGI

Dokumentasjon og analyse av klima- og miljøendringar.

Kommunal klimaplan med prioriterte utfordringar og tidfesta tiltak.

Styrka kunnskap om ny klimavennleg teknologi og fornybar energi.

Redusert energiforbruk, på linje med annan forbruksreduksjon.

Effektiv energibruk som gjennomgåande hovudsak i all planlegging.

*******

FYLKET OG NASJONALT

MDG sine lokalpolitiske prioriteringar er nær kopla til partiet sin nasjonale profil og til MDG sitt fylkesprogram.

To nasjonalt overordna mål for MDG er:
Fornybar framtid: Vi vil ha ein lykkeleg slutt på det norske oljeeventyret og starte omstillinga til ein berekraftig og fornybar økonomi no.
Livskvalitet: Vi vil ha meir kvalitet til kvarandre framfor større jag etter meiningslaust forbruk

Fylkespolitisk har MDG målretta politikk for

  • Førebyggande folkehelse
  • Vidaregåande opplæring
  • Eit framtidsretta næringsliv
  • Samferdsle for framtida
  • Landbruk som framtidsnæring i Sogn og Fjordane

Samanheng mellom lokal, regional og sentral MDG-politikk utgjer kjernen som trengst for å nå MDG sine mål for medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse.