Paneldebatt i Stryn kulturhus

MDG ved Stryn kulturhus
Fotocredit: Hans Magnus Nedreberg

MDG Stryn stilte til paneldebatt i Stryn kulturhus onsdag 9. september.

11. september, 2015

Paneldebatt i Stryn kulturhus
Partia representerte i paneldebatten: SV, AP, MDG, KRF, V, SP, H og FRP.

Fire hovudområder

Debatten var inndelt i fire hovudområder:

  • Helse (Hans Magnus Nedreberg)
  • Oppvekst (Amund Nedreberg)
  • Næringsliv (Tor Åge Berglid)
  • Kommunesamanslåing (Tor Åge Berglid)

Områda vart delvis dekka av avisa Fjordingen.

Helse

  1. «Vil ditt parti gå imot privatisering og konkurranseutsetting av velferdstenestene i kommunen?» (JA)
  2. «Kjem ditt parti til å tilby deltidstilsette heile stillingar?» (JA)
  3. «Vil ditt parti styrke eldreomsorga – for eksempel ved å auke bemanninga på sjukeheimar og i heimetentestene?» (JA)

Omtale i Fjordingen her.

Oppvekst

Barnehage:

«Partia vil ha full barnehagedekning. ingen seier noko om innhald og kvalitet. Kva vil politikarane gjere fir å sikre god kvalitet i barnehagen? Stikkord:

  • bemanning, antal barn pr. vaksne
  • teljedato for når eit barn skal telje for ein eller to einingar. Det er mange barn 1-2 år, dei treng nære og gode relasjonar.
  • kvalifisert personale?»

Grunnskule:

  1. «Alle parti vil satse på «ein god skule» – men kva er det? Når Stryn kommune må kutte lærarstillingar i tøffe budsjettrundar, kva meiner ein er god kvalitet? Fleire elevar pr. lærar – er det god kvalitet? Kontaktlærar får fleire å ha ansvar for, mindre tid til kvar elev, større grupper – er det god kvalitet? Kven av partia vil verne om ressursane i skulen? Kven vil auke pedagogtettleiken?
  2. Felles organisering av vaktmeister og reinhald fører til at mange skular får langt mindre vedlikehald enn tidlegare. Kven skal utføre oppgåvene?
  3. Vil ditt parti halde på eksisterande skulestruktur etter ei evt. kommunesamanslåing?»

Vidaregåande skule:

  1. «Kva kan politikarane gjere lokalt for at Stryn vidaregåande skule skal bestå? Kor langt vil ein gå med sitt fylkesparti for å skaffe støtte til Stryn?
  2. Vil ditt parti sikre at kommunen tilbyr læreplassar til alle som treng det?»

Omtale i Fjordingen her.

Næringsliv

  1. Korleis vil ditt parti vere med å løyse utfordringane næringslivet har fir å rekruttere arbeidskraft? Dette gjeld alt i frå ledige barnehageplassar, SFO, attraktive bustadstomter og næringsareal.
  2. Eigedomsskatt, vil ditt parti auke denne? Kva skal eigedomsskatten brukast til?
  3. Kva er din visjon for Stryn?
  4. Stryn Kommune er ein stor reiselivskommune, og reiselivsbransje opplev vekst. Fleire turistar fører til auka behov for tilrettelegging og vedlikehald som mange vil oppleve er kommunalt ansvar. Korleis vil ditt parti løyse finansiering av dette?
  5. Korleis vil du sikre breiband til alle i kommunen?
  6. Vil kommunane ta i bruk omsorgsteknologi?
  7. Korleis vil ditt parti legge til rette for gründer, entrepenørskap og knoppskyting?

Omtale i Fjordingen her.

Kommunesamanslåing

  1. Kjem ditt parti til å gå inn for folkeavstemning om ei evt. kommunesamanslåing? (JA)